Sponsorfrukost

Arrangementsinformasjon

Me i Sogndal Fotball ynskjer deg hjarteleg velkomen til sponsorfrukost,
torsdag 8. november kl. 08:00 i kantina til Kafè Campus.

Det er spenning i både topp og bunn i årets OBOS-liga. Dei siste poenga skal delast ut søndag 11. november, og me kjempar om kvalifiseringsplass og opprykk til Eliteserien 2019.

Eirik Bakke og Terje Skjeldestad vil på sponsorfrukosten dele informasjon om kampane som kjem. Korleis skal me halde trykket og entusiasmen oppe løpet ut, og kva blir avgjerande faktorar for oss i innspurten?

Møt oss i klubben og våre samarbeidspartnarar torsdag 8.nov, velkomen!


Program:

08:00           Oppmøte Kafè Campus (5. etg HVL)
08:00           Frukostservering
08:45           Informasjon frå Sport Sogndal Fotball v/Eirik Bakke og Terje Skjeldestad
09:30           Slutt

Velkomen!


Frist for påmelding er tysdag 6. november.