page view image

Fotballskule med Sogndal Fotball - veke 33

Tre dagar fulle av fotballglede, leik og meistring! Sogndal Fotball inviterer gutar og Sogndal FK damer inviterer jenter fødde 2014–2020 til fotballskule i veke 33. Flinke trenarar, to økter kvar dag og grilling på avslutningsdagen. Stad: Sognahallen og Kvåle stadion, måndag 10.–onsdag 12. august. Pris kr 800,–. Påmeldingsfrist 4. august.

Informasjon
event image

Fotballskule med Sogndal Fotball i veke 33!

Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer inviterer gutar og jenter, fødde 2014–2020, til fotballskule i veke 33. Det blir tre dagar fylte med fotballglede, leik og aktivitet saman med flinke trenarar frå begge klubbane!

Sogndal Fotball arrangerer for gutane, medan Sogndal FK Damer arrangerer for jentene. Info og påmelding for jentene finn ein på Sogndal FK Damer sine sider.

Praktisk informasjon

  • Stad: Sognahallen og Kvåle stadion
  • Dagar: Måndag 10. – onsdag 12. august
  • Pris: Kr 800,–

Slik ser dagane ut for gutane

  • Måndag (Sognahallen) og tysdag (Kvåle Stadion): Økt 1 kl. 10:15–11:30, lunsj kl. 11:30–12:00, økt 2 kl. 12:00–13:15
  • Onsdag (Kvåle Stadion): Økt kl. 10:15–11:30, og deretter grilling fram til kl. 12:00

Det blir fokus på leik og moro, og alle skal få oppleve både utfordringar og meistring. Dagane er bygde opp av økter med ein matpause midt på dagen, og den siste dagen rundar vi av med grilling saman.

Påmelding
Påmelding skjer via TicketCo.

Søskenrabatt
Ordinær pris er kr 800,– per deltakar. For familiar med fleire deltakarar gjev vi kr 200,– i søskenrabatt for kvar ekstra deltakar.

Registrering og oppmøte
Registrering skjer i Sognahallen måndag 10. august frå kl. 09:45. Dei andre dagane er oppmøte rett før første økt.

Hugs å ta med
Alle må ha med eigen ball og drikkeflaske desse dagane!

Påmeldingsfrist: 4 august

fotballskule sogndalfotball

Restriksjoner

Arrangementet er for born fødde 2014–2020.