OBOS-Camp Vinterferie 2026 (Veke 8) – Sogndal Fotball
Bli med på tre dagar fylt med fotballglede, utvikling og samhald! For jenter og gutar 6–12 år. Inkluderer utstyrspakke (genser, bukse og ball) og lunsj kvar dag.
Velkomen til OBOS-Camp i Vinterferien!
Sogndal Fotball inviterer alle jenter og gutar (6–12 år) til tre dagar med fotballmoro, ferdigheitsutvikling og nye vennskap i Sognahallen.
Dette er ikkje berre pass av barna – dette er ein utviklingsarena. Vi stiller med flinke instruktørar frå Sogndal-systemet som sørger for at ditt barn blir sett, får meistringsfølelse og lærer nye ting, uansett nivå.
Dette får deltakaren:
Proff utstyrspakke: Alle får utdelt treningsbukse, half-zip treningsgenser og eigen fotball levert av OBOS
Mat og energi: Gratis, sunn lunsj kvar dag, samt fruktpause.
Kvalitetsøkter: Øvingsprogrammet er skreddarsydd av Norsk Toppfotball (NTF) og tilpassa Sogndal sin utviklingsmodell.
Sosialt: Eit trygt og inkluderande miljø med fokus på «Fair Play».
Ein typisk dag på Obos-Camp: Vi legg opp til ein profesjonell dag som liknar kvardagen til ein toppspelar, men tilpassa barna:
09:00 – 09:30: Oppmøte spelarar før trening
09:30 – 11:00: Økt 1
11:00 – 12:00: Lunsj og sosial pause.
12:00 – 13:30: Økt 2
Praktisk Informasjon:
Mandag: Registrering fra 08:45-10:00
Stad: Sognahallen (Inne).
Tidspunkt: Veke 8 (Måndag – Onsdag).
Klokkeslett: Aktivitet frå 09:30 – 13:30 (Oppmøte frå 09:00).
Alder: 6–12 år (Jenter og gutar).
Prisar og Val:
3 Dagar (MAN-ONS):
Viktig: Påmeldinga er bindande. Refusjon skjer kun ved avlyst arrangement eller legeerklæring. Hugs å oppgi eventuelle allergiar i påmeldinga.
Gje barnet ditt ein aktiv og lærerik start på 2026 – Bli med på OBOS-Camp!
Restriksjoner
Gjelder for jenter og gutar 6-12 år
Ansvarsfraskrivelse
Bindande påmelding. Refusjon skjer kun ved avlyst arrangement.
