Tine Fotballskule 2020

Evenemangsinformation

I veka før skulestart (veke 33) arrangerer Sogndal Fotball i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2009-2013. Det vert aktivitet mandag til fredag frå klokka 10.00 -14.00. Deltakarane kan, på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

Prisen for fotballskulen er kr 1050,-.  Inkludert i prisen er Tine sekk, Umbro-ball,t-skjorte og Umbro-ball. Hugs eigen matpakke, drikke til lunsj er inkludert. Veka vert avslutta med grilling ilag med A-laget. 

Fotballskuleveka startar mandag 10 Aug med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09.00 i Sognahallen. Tysdag til fredag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09.45. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke. Henting 14.00 i Sognahallen. 

Det er 130 plasser tilgjengeleg og for påmelding trykkar du her: https://sogndalfotball.ticketco.events/no/nb/e/tine_fotballskule_2020 

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av trenarar frå SogndalAkademiet, spelarar frå a-laget og Sogndal 2. Me skal læra mykje, men fyst å fremst skal me ha det frykteleg moro saman. 

Søskenrabatt: - 20% 

tine
fotballskule
sogndalfotball