Sogndalsakademiet vår 2026
Sogndalsakademiet vår 2026
Eit treningstilbod for jenter og gutar i alderer 6-12 år!
Ein plass for utvikling – både som spelar og menneske
Sogndal Fotball sitt akademi kan vera ein fin veg for spelarar som ønskjer å utvikle seg. Målet er å gje spelarar i Sogndal og omegn, eit bra og trygt miljø der dei kan utvikle seg både sportsleg og sosialt, med Sogndal sine verdiar i botn. I 2026 tek vi Akademiet til neste steg, med enda tydelegare struktur, kvalitet i treningane og ei sterk satsing på den heilheitlege utviklinga.
Verdigrunnlag
Me vil skape eit inkluderande og motiverande fotballmiljø for unge spelarar i nærområdet, der trivsel, læring og utvikling står i sentrum. Me ønskjer å skape ein arena der kvar deltakar får utvikle både ferdigheiter på bana, og eigenskapane bak spelaren.
Kven er vi for?
Akademiet er tilrettelagt for spelarar i alderen 6–12 år som har lyst, vilje og motivasjon til å trene meir, lære meir og utvikle seg som fotballspelar
Treningskvardagen
- Måndag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2016, 2017 og 2018
- Tysdag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2014 og 2015
- Torsdag (kl.15:00-16:00): Keeperar f. 2013-2017
- Torsdag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2019 og 2020
- Lørdag: (kl.09:00-10:00): Spelarar f. 2021, Miniakademiet
Keeperskule
Det kjem til å bli arrangert keeperskule ein gang i veka for dei spelarane som er interessert i å lære og utvikle seg som keeper. Keeperskulen vil i utgangspunktet bli på torsdagar, og det er mogleg å melde seg på både som spelar og keeper.
Ta kontakt med Martin Selle for meir info om keeperskulen, og for å bli lagt til i Spond:
Mail: martinselle@sogndalfotball.no, Tlf: 957 47 319
Pris
- Akademi - 1750,-
- Miniakademi - 850,-
- Keeperskule - 1150,-
Prisen gjeld ei trening i veka frå veke 3-13. Det blir ikkje akademi i veke 8 grunna OBOS Camp i vinterferien.
Søskenrabatt: 20 % på barn nr 2. Meld på ordinært og send namn + kontonummer til faktura@sogndalfotball.no for refusjon.
Utstyrspakke
Alle deltakarar får klespakke beståande av bukse og t-skjorte. Dette blir treningsantrekket for akademiet, slik at alle møter likt og profesjonelt kledd på øktene.
Ei typisk akademiøkt
Ein strukturert øktplan som kombinerer teknisk, taktisk og fysisk trening med tilbakemelding og rettleiing undervegs.
Øktene blir bygd opp slik:
- Samling: Snakke om økta og kva vi skal lære - 5 min
- Oppvarming - 10 min
- Deløving 1 - 10 min
- Deløving 2 - 15 min
- Spel - 30 min
- Tilbakemelding og rettleiing - 5 min
Dette står Sogndalsakademiet for:
- Ball- og teknikkfokus frå tidleg alder – kvalitet i balltouch, mottak og føring som grunnmur for vidare utvikling.
- Meistring, leik og tryggleik – me skapar eit miljø der spelarane trivst, tør å prøve nytt og utviklar seg gjennom glede.
- Heilskapleg utvikling – fysisk, teknisk, sosialt og mentalt skal gå hand i hand.
- Felles retning og metodikk – trenarane jobbar etter same filosofi med struktur, progresjon og evaluering.
- Mennesket bak spelaren fyrst – me utviklar spelarar, men aller mest gode medmenneske.
Velkomen til eit år med læring, utvikling og fotballglede!
Kontakt
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om akademiet, ta gjerne kontakt med Adrian Gjengår:
Mail: adrian.gjengar@sogndalfotball.no Tlf. 468 59 222
Ansvarsfraskrivelse
N/A
