page view image

Sogndalsakademiet haust 2025

Sogndalsakademiet hausten 2025

Informasjon
event image

Sogndalsakademiet haust 2025

Eit nytt og forbetra treningstilbod for jenter og gutar i alderer 6-12 år!


Ein plass for utvikling – både som spelar og menneske

Sogndal Fotball sitt akademi kan vera ein fin veg for spelarar som ønskjer å utvikle seg. Målet er å gje spelarar i Sogndal og omergn, eit bra og trygt miljø der dei kan utvikle seg både sportsleg og sosialt, med Sogndal sine verdiar i botn.


Verdigrunnlag

Me vil skape ein trygg, inkluderande og utviklande arena – både på og utanfor bana. Vårt fokus er ikkje berre teknisk ferdigheit, men å styrke det sosiale fellesskapet, respekt, trivsel og leik. Me gir spelarane rammene dei treng for å blomstre – både som fotballspelarar og menneske.


Kven er vi for?

Akademiet er tilrettelagt for spelarar i alderen 6–12 år som har lyst, vilje og motivasjon til å trene meir, lære meir og utvikle seg som fotballspelar


Treningskvardagen (Nytt frå hausten 2025)

  • Måndag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2015, 2016 og 2017
  • Tysdag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2013 og 2014
  • Onsdag (kl.15:00-16-15): Keepera f. 2013-2019
  • Torsdag (kl.15:00-16:15): Spelarar f. 2018 og 2019
  • Lørdag: (kl.10:00-11:00): Spelarar f. 2020, Miniakademiet

No i byrjinga vil me kvalitetssikre ei økt i veka for kvart kull, før vi tek stilling til om vi skal tilby ei ekstra økt i veka. Kom gjerne med tilbakemeldingar, slik at opplegget blir best mogleg!


Keeperskule

Denne hausten tilbyr me også eit nytt konsept for keeperane. Det kjem til å bli arrangert keeperskule ein gang i veka for dei spelarane som er interessert i å lære og utvikle seg som keeper. Keeperskulen vil i utgangspunktet bli på onsdagar, og det er mogleg å melde seg på både som spelar og keeper. 

Ta kontakt med Martin Selle for meir info om keeperskulen:

Mail: martinselle@sogndalfotball.no, Tlf: 957 47 319


Pris

  • Akademi - 1600,-
  • Miniakademi - 800,-
  • Keeperskule - 1000,-

Prisen gjeld ei trening i veka frå veke 35-50. Det blir ikkje akademi i veke 41 grunna haustferien + ingen miniakademi i veke 43 grunna Kiwi Bama Cup.

Søskenrabatt: 20 % på barn nr 2. Meld på ordinært og send namn + kontonummer til faktura@sogndalfotball.no for refusjon.


Ei typisk akademiøkt

Ein strukturert øktplan som kombinerer teknisk, taktisk og fysisk trening med tilbakemelding og rettleiing undervegs.


Øktene blir bygd opp slik:

  • Samling: Snakke om økta og kva vi skal lære - 5 min
  • Oppvarming - 10 min
  • Deløving 1 - 10 min
  • Deløving 2 - 15 min
  • Spel - 30 min
  • Tilbakemelding og rettleiing - 5 min


Kva tilbyr vi?

  • Engasjerte trenarar som setter spelaren i sentrum
  • Eit godt og trygt læringsmiljø
  • Treningsøkter med kvalitet, der vi ønsker å få spelarane til å lære noko nytt og bli ein betre fotballspelar for kvar økt.
  • Alle spelarar får ei t-skjorte


Kontakt

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om akademiet, ta gjerne kontakt med Adrian Gjengår:
Mail: adrian.gjengar@sogndalfotball.no Tlf. 468 59 222

sognahallen fotball sogndalfotball sogndalsakademiet

Ansvarsfraskrivelse

N/A