page view image

Sesongkort Sogndal Fotball 2023

Sesongkortinformasjon

Sesongkortsalget 2023 har starta


Me er klare til ny sesong i OBOS-ligaen på Fosshaugane Campus.

Uansett så vil det bli tøffe oppgjer, knallharde taklingar og mange utfordringar. Klubben lovar å jobbe beinhardt, og me ynskjer å ha DEG med på laget.

Allereie 11 Mars møter me Lillestrøm i NM 4 runde på Fosshaugane Campus. I år så inkluderer me alle NM kampar i seongkortet. 

I starten av april startar seriane opp og Fosshaugane Campus skal igjen samla alle våre beste menn, kvinner, barn og eldre til kamp. Sogndal Fotball treng den ekstra energien det gjev at du blir med på moroa neste år. Lat oss saman skape magiske augneblikk og gode opplevingar.

Kjøp sesongkort 2023 og ta del i spenninga på stadion. 

Hadde du sesongkort i 2022?
Alle som har hatt sesongkort i 2022 vil motta ein fornyingsmail/sms frå TicketCo. Ved å klikke på vedlagt link i mailen kan ein enkelt fornye sitt sesongkortsete.

Hvis ikke du har mottatt denne så ta kontakt med billett@sogndalfotball.no - ta med navnet de er registrert på og plassene du har hatt. Det samme gjelder hvis du ønsker å bytte plasser e.l.


Prisane blir ikkje endra i 2023 på nokon av korta

Familiepakke

1. Ved kjøp av 3 eller flere sesongkort av typen "Familiepakke Sparebanken Vest tribuna" får du 1000,- kroner i rabatt pr. sesongkort.

Nytt i 2023:

1. Sesongkortet inkluderer også alle kampar i NM 2023.

2. Eige sesongkort-felt for studentar/ungdom. (Lerum Kortside).

3. Same pris på alle felt på Fylkestribuna,unntatt sesongkort for Juniorsvingen(eige kort og pris).

Diverse informasjon:
Vaksen frå fylte 16 år
Barn tom 15 år
Honnør - bevis må kunne framvisast ved kontroll
Student - studentbevis må kunne framvisast ved kontroll
Ledsager - ledsagerbevis må kunne framvisast ved kontroll
Barn under 3 år GRATIS på fanget til betalande vaksen (Ein må betala frå det året ein fyllar 4 år)

sesongkort sogndalfotball fosshauganecampus obosligaen

Sesongkortet inkluderer

Sogndal -Lillestrøm(NM)
12.03.2023 17:00 @ Fosshaugane Campus
Sogndal -Sandnes Ulf
15.04.2023 15:00 @ Fosshaugane Campus
Sogndal -Bryne
29.04.2023 15:00 @ Fosshaugane Campus
Sogndal -Raufoss
06.05.2023 15:00 @ Fosshaugane Campus
Sogndal - Hødd
16.05.2023 18:00 @ Fosshaugane Campus
Sogndal -Start
04.06.2023 15:00 @ Fosshaugane Campus
Sogndal -Fredrikstad
24.06.2023 20:00 @ Fosshaugane Campus
Sogndal -Jerv
08.07.2023 15:00 @ Fosshaugane Campus