page view image

Føredrag med Kjetil Jansrud - Sognenett og Sognekraft

Sognenett og Sognekraft er stolte av å invitere alle medlemmar i dei lokale idrettslaga til eit inspirerande føredrag med Kjetil Jansrud. Som stolt samarbeidspartnar til fleire lag i regionen ynskjer me å gjere litt ekstra stas på utøvarar, trenarar og støtteapparat. Me ynskjer å gje noko tilbake til det lokale idrettsmiljøet og legg difor til rette for denne unike sjansen til å samlast, dele gode opplevingar og la seg inspirere av ein av Norges mest meritterte alpinistar.

Informasjon
event image

Velkomen til ein inspirerande kveld med Kjetil Jansrud!


Sognenett og Sognekraft er stolte av å invitere alle medlemmar i dei lokale idrettslaga til eit inspirerande føredrag med Kjetil Jansrud. Som stolt samarbeidspartnar til fleire lag i regionen ynskjer me å gjere litt ekstra stas på utøvarar, trenarar og støtteapparat. Me ynskjer å gje noko tilbake til det lokale idrettsmiljøet og legg difor til rette for denne unike sjansen til å samlast, dele gode opplevingar og la seg inspirere av ein av Norges mest meritterte alpinistar.


Jansrud vil dele sine erfaringar med oppturar og nedturar, idrettsglede og vinnarkultur, og kvifor prestasjonar i ungdomsåra ikkje alltid avgjer kven som når heilt til topps. Me håper dette føredraget vil vere ei inspirasjonskjelde for trenarar, utøvarar og støtteapparat.


📍 Kvar: Quality Sogndal Hotel
📅 Når: 28. mars kl. 17:30–18:30

Gratisbillettar – først til mølla! Det er totalt 500 plassar tilgjengelege, så her gjeld det å vere rask. 


Kvifor bør du delta?

  • Lær frå ein av dei beste: Få innblikk i kva som skal til for å lukkast på høgaste nivå.
  • Bli inspirert: Føredraget passar for både unge utøvarar, trenarar og støtteapparat som vil utvikle seg vidare.
  • Samhald i idretten: Møt andre frå idrettslaga i regionen og del erfaringar.


Om Kjetil Jansrud

Jansrud er ein levande legende innan alpinsporten, med fleire medaljar frå OL og VM. Han har gått gjennom både oppturar og nedturar og har ei sterk historie om vinnarkultur og kva som skal til for å prestere – både i og utanfor bakken.


Kvifor kjem Kjetil Jansrud til Sogndal?

Frå 27. til 30. mars 2025 skal Sogndal Alpin vere vertskap for NM for 13- og 14-åringar (Telenor Lekene). Dette store arrangementet samlar unge alpinistar frå heile landet, og Kjetil Jansrud spelar ei sentral rolle. Han skal ikkje berre halde dette føredraget for dei lokale idrettslaga, men også vere prøvekøyrar til Super G-konkurransen og halde eit eige føredrag for deltakarane i NM.


Gjennom dette ynskjer me å bidra til å skape eit sterkt og inspirerande idrettsmiljø i regionen. Me ser fram til å samlast for ein innhaldsrik og inspirerande dag!