page view image

Fotballskule med Sogndal FK Damer - veke 33

Tre dagar fulle av fotballglede, leik og meistring! Sogndal FK damer inviterer jenter fødde 2014–2020 til fotballskule i veke 33. Flinke trenarar, to økter kvar dag og grilling på avslutningsdagen. Stad: Sognahallen, tysdag 11.–torsdag 13. august. Pris kr 800,–. Påmeldingsfrist 4. august.

Information
event image

Sogndal FK Damer og Sogndal Fotball inviterer jenter og gutar, fødde 2014-2020, til fotballskule i veke 33. Det blir 3 dagar fylt med mykje fotballglede og aktivitet saman med flinke trenarar frå begge klubbane! Sogndal FK Damer arrangerer for jentene, medan Sogndal Fotball arrangerer for gutane. Info og påmelding for gutane finn ein på Sogndal Fotball sine sider!

  • Stad: Sognahallen 

  • Tid: Klokka 10-14, tysdag 11. til torsdag 13. august 

  • Pris: Kr 800,-

Det vert fokus på leik og moro, og alle skal få oppleve både utfordringar og meistring. Det vil vere spelarar frå Sogndal FK Damer som er instruktørar for jentegruppa, og dagen blir bygd opp av to økter og ein matpause midt på dagen. Den siste dagen blir det grilling.

Påmelding

Påmelding til arrangementet skjer i Ticketco. Etter påmelding må ein også melde seg inn i Spond, og bli med i gruppa Fotballskule med Sogndal FK Damer. Alle som melder seg på i Ticketco får gruppekode i bekreftinga. I Spondgruppa finn ein dei tre øktene, som ein melder seg på. Informasjon og eventuelle endringar vil bli kommunisert i Spond. Ta kontakt med martin.salbu@sogndalfk-damer.no om noko er uklart.

Søskenrabatt

Ordinær pris er 800,- pr deltakar. For familiar med fleire deltakarar kan ein få 200,- søskenrabatt for kvar ekstra deltakar. Det vil seie at prisen for deltakar 2 og 3 blir 600,-. For å få søskenrabatt betalar ein ordinær pris for alle barn i Ticketco, før ein sender ein e-post til faktura@sogndalfk-damer.no. Ta med namn på deltakar og kontoinformasjon for refusjon av overskridande beløp.

Det blir registrering i Sognahallen tysdag 11. august frå klokka 09:30, og oppmøte klokka 09:45 dei andre dagane. Alle må ta mat, drikkeflaske og merka fotball alle dagar.

Påmeldingsfrist er sett til tysdag 4. august

fotballskule sogndalfkdamer

Restrictions

Arrangementet er for born fødde 2014–2020.