B2B Møtecup 26.feb

Arrangementsinformasjon

Tysdag 26. februar inviterer Sogndal Fotball til møtecup
på Fosshaugane Campus, Storlosjen 2. etg.


B2B Møtecup er ein møtestad der de som bedrift kan etablere kontakt med andre bedrifter. Det gjeld å jakta på dei gode møta; der møter á 10 minutter blir sett opp. Dette gjev tid til å presentere bedrift og bransje, knytta kontakt med nye personar, avtale framtidige møte og legge grunnlaget for framtidig business.

Kvifor delta på B2B Møtecup?

  • Etablere samarbeid med éin eller fleire bedrifter
  • Utvikle nettverk med bedrifter frå heile regionen
  • Kjøpe og selge varer og tenester
  • Etablere kontakt med moglege investorer, potensielle interessenter og partnarar
  • Opne opp for uventa moglegheiter

Program

08:00           Rigging av bord/stand i Storlosjen 2.etg.
09:00           Velkomen v/Sogndal Fotball
09:00           Informasjon om dagen
09:15           Første seksjon: jakt dei gode møta - booking
09:45           Mingle- og kaffepause
10:00           Andre seksjon: Møtecup - møter á 10 minutter
12.00           Lunsj på Kafè Campus (5. etg HVL)

Me håper på mange spennande avtaler og nettverksetableringar.
Gå ikkje glipp av nye moglegheiter – nytt sjansen og meld deg på i dag!


Praktisk informasjon

Kvar bedrift stiller med to representanter på møtecupen, ein selgar og ein kjøpar. Bedriften får utdelt sitt eige område der de kan sette opp sin profil dersom dette er ynskjeleg (rull-up, informasjonsflyers, giwe-aways, mm.).

Etter at påmeldingsfristen er ute sender me ut ein oversikt over påmeldte bedrifter. Dei to representantane førebur seg deretter på kven dei ynskjer møter med.

Sogndal Fotball oppdaterer fortløpande dei bedriftene som melder seg på møtecupen på sogndalfotball.com.
NB! Me oppmodar til å ikkje kontakte dei ulike bedriftene før på sjølve møtedagen. Dette for å få mest mogleg ut av konseptet møtecup.

Framdriftsplan:

  • 19. feb: påmeldingsfrist
  • 20. feb: oversikt over påmeldte bedrifter sendes de påmeldte bedriftene
  • 26. feb: B2B Møtecup

Pris og påmelding

PRIS: Ord. bedrift kr 600,- pr. deltagarbedrift | Sponsorbedrifter kr 300,- pr. bedrift
| Leigetakarar på Fosshaugane Campus kr 300,- pr. bedrift |

Prisen inkluderer deltaking for to personer per bedrift inkludert lunsj.


Påmeldingsfrist er tysdag 19. februar.