OBOS-Camp Haustferie 2026 (Veke 41) – Sogndal Fotball

Bli med på tre dagar fylt med fotballglede, utvikling og samhald! For jenter og gutar 6–12 år. Inkluderer utstyrspakke (genser, bukse og ball) og lunsj kvar dag.

page view image
Event date

Monday 5 Oct 2026 09:30

Ends Wednesday 7 Oct 2026 13:30
order

Available items

OBOS Camp 3 dagar
Om campen OBOS-camp er ein fotballskule for jenter og gutar 6–12 år. Her får borna masse fotballglede, utvikling og sosialt samvær, leia av dyktige instruktørar. Tid og stad Campen blir gjennomført innandørs i Sognahallen måndag–onsdag i veke 41 (5–7. oktober). Inkludert i prisen Lunsj alle dagar Utstyrspakke frå OBOS: treningsbukse, half-zip treningsgenser og eigen fotball Trening med instruktørar frå akademiet og klubben
OBOS camp 3 dager (Søskenrabatt)
OBOS-camp er ein fotballskule for jenter og gutar 6–12 år. Campen blir gjennomført i Sognahallen måndag–onsdag i veke 41 (5–7. oktober). Lunsj alle dagar er inkludert. Prisen på denne billetten inkluderer 20 % søskenrabatt og gjeld barn nr. 2 i same familie.
Keeperskulen + OBOS Camp 3 dagar
OBOS-camp Keeperskule For jenter og gutar 6–12 år som vil ha spesifikk trening på keeperrolla. Du får eigne økter med keeperinstruktør før lunsj, og er ein del av fellesskapet resten av dagen. Økt 1 (10:00–11:15) er rein keepertrening. Etter lunsj blir du med resten av gjengen på økt 2. Stad: Sognahallen. Tid: Måndag–onsdag i veke 41 (5–7 oktober). Lunsj alle dagar er inkludert.
event image

Event information

Velkomen til OBOS-Camp i haustferien!

Sogndal Fotball inviterer alle jenter og gutar (6-12 år) til tre dagar med fotballmoro, ferdigheitsutvikling og nye vennskap i Sognahallen.

Dette er ikkje berre pass av barna – dette er ein utviklingsarena. Vi stiller med flinke instruktørar frå Sogndal-systemet som sørgjer for at barnet ditt blir sett, får meistringskjensle og lærer nye ting, uansett nivå.

Dette får deltakaren:

  • Proff utstyrspakke: Alle får utdelt treningsbukse, half-zip treningsgenser og eigen fotball levert av OBOS.
  • Mat og energi: Vi stiller med gratis, sunn lunsj alle tre dagane.
  • Kvalitetsøkter: Øvingsprogrammet er skreddarsydd av Norsk Toppfotball (NTF) og tilpassa Sogndal sin utviklingsmodell.
  • Sosialt: Eit trygt og inkluderande miljø med fokus på «Fair Play».

Ein typisk dag på OBOS-Camp:
Vi legg opp til ein profesjonell dag som liknar kvardagen til ein toppspelar, men tilpassa barna:

  • 09:45 – 10:00: Oppmøte spelarar før trening
  • 10:00 – 11:15: Økt 1
  • 11:15 – 12:00: Lunsj og sosial pause
  • 12:00 – 13:15: Økt 2

Praktisk informasjon:
Måndag: Registrering frå 09:00 i hallen.

  • Stad: Sognahallen (inne).
  • Tidspunkt: Veke 41 (måndag – onsdag), 5.–7. oktober 2026.
  • Klokkeslett: Aktivitet frå 10:00 – 13:15 (oppmøte frå 09:45).
  • Alder: 6–12 år (jenter og gutar).

Viktig: Påmeldinga er bindande. Refusjon skjer kun ved avlyst arrangement eller legeerklæring. Hugs å oppgi eventuelle allergiar i påmeldinga.

Spørsmål? Kontakt Adrian Gjengår, akademiansvarleg i Sogndal Fotball - 46859222 / adrian.gjengar@sogndalfotball.no

Gje barnet ditt ein aktiv og lærerik haustferie - bli med på OBOS-Camp!

Restrictions

Gjelder for jenter og gutar 6-12 år

Waiver

Bindande påmelding. Refusjon skjer kun ved avlyst arrangement.

Tags

obos
sogndalfotball
oboscamp
fotballskule
Organizer
Sogndal Fotball