Tine Fotballskule

EVENT INFORMATION

I skulens sommarferie (veke 25) arrangera Sogndal Fotball i samarbeid med Tine, fotballskule for gutar og jenter fødde 2006-2009. Det vert aktivitet mandag til torsdag frå klokka 10.00 -14.00. Deltakarane kan, på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.

Prisen for fotballskulen er kr 900,-.  Inkludert i prisen er Tine sekk og t-skjorte, Umbro-ball, samt kampbillett Sogndal-Brann. Hugs eigen matpakke, drikke til lunsj er inkludert. Veka vert avslutta med grilling ilag med A-laget. 

Fotballskuleveka startar mandag 20.juni med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09.00 i Sognahallen. Tysdag til torsdag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09.50. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke. Henting 14.00 i Sognahallen. 

Det er 130 plasser tilgjengeleg og for påmelding trykkar du her: https://sogndalfotball.ticketco.no/tine_fotballskule

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av trenarar frå SogndalAkademiet, spelarar frå a-laget og Sogndal 2. Me skal læra mykje, men fyst å fremst skal me ha det frykteleg moro saman. 

Søskenrabatt: Nr. 2 - 20% Nr. 3+ - 40% (Tilbakebetales i etterkant av påmeldinga)